LITT OM MEG
BIBLIOGRAFI
SKREDULYKKER
FUNN I FJELLA
KONTAKTINFO

BIOGRAFI

Astor Furseth. Fødd 21.12 1940 i Sykkylven på Sunnmøre. Gymnas i Ålesund, cand odont i Oslo 1965. Praktisert som tannlege i utkantar av verda, som Lyngen, 11 år på Færøyane og frå 1978 distriktstannlege i Valldal. Er medlem i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

Astor Furseth blei tildelt Kongens fortenestemedalje i gull den 19.4 2010 for "sitt lange og omfattande virke innanfor skredforsking".

> Sunnmørsposten: Kongens gull til skredforskar.

Furseth debuterte med to romanar i året 1970: Svart samtale (Ansgar forlag), Jux (Aschehoug), med tema religiøs erkjenning og ungdomsopprør. Etter det ei rad bøker, noveller, artiklar og essay. Frå tida på Færøyane kom to opplysningsbøker om dette Atlanterhav-samfunnet, samt ei mengd artiklar i tidsskrift og aviser.

Har gjort granskingsarbeid i historiske og andre kjelder innsamla informasjon om ca. 5.000 skredulykker i Noreg, noko som går inn prosjektet: Nasjonal skreddatabase NGU: skrednett.no

Prisar:
2. pris i Samtidens novellekonkonkurranse (Aschehoug) i 1980
2. pris i Tiden/LOs romankonkurranse i 1990
Kulturprisen for 2003 for Norddal kommune

I samband med boka Vargtid – og andre historie frå fortida, Universitetsforlaget, 1995, kom eg inn i den store debatten om Karsten Alnæs og hans historieverk og filmar. I plagiat-debatten om Karsten Alnæs sitt historieverk om Noreg har Vargtid stått sentralt. Særleg er boka grundig omtalt i kildebrukutredningen. Sjå elles under boka Vargtid.

Etter 1978 har eg budd i Valldal og har arbeidd mykje med lokalhistorie og skredhistorie, og dei siste 25 åra har eg publisert berre fag- og dokumentar-littertaur, i bøker, artiklar og også halde ei mengd kåseri med temaet historie og særleg skredhistorie. Dei siste seks åra har eg arbeidd med skredhistorie på heiltid. Granskinga av norsk katastrofehistorie har ført til ein omfattande dokumentasjon av historiske skred, og er blitt den første oversikta i Noreg. Dette stoffet vil også bli nytta i samband med eit skredmuseum i Tafjord, saman med kraftmuseet i den gamle kraftstasjonen K1.