LITT OM MEG
BIBLIOGRAFI
SKREDULYKKER
FUNN I FJELLA
KONTAKTINFO

SKREDULYKKER

Gjennom eit mangeårig arbeid er samla inn opplysningar om meir enn 5.000 skredulykker i Noreg. Med utgangspunkt i skriftlege kjelder og informantar er laga den første samla oversikta over alle typar skredulykker dei siste 400 åra. Arbeidet er gjort i samråd med forskarer frå Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) og NVE.

Det finst relevante skriftlege kjelder 700 år bakover tid, men best er dokumentasjonen etter år 1600 med avtaksforretningar og kyrkjebøker. Eldste skriftkjelde er Dipl. Norvegicum og dei islandske annalar som nemner leirfall i Stjørdal ca. år 1100 og ved Støren i 1345 (500 døde). Lengst attende går segnene, som mange synast å ha opphav i faktiske hendingar.

Skredhistoria har delvis samanfall med klimaendringar, som t.d. snøskreda kring 1680 og jordskreda i 1743 og 1789. 1800-talet er dominert av dei mange, fatale snøskreda. 1900-talet har derimot hatt nedgang i dødstala for snøskred. Granskinga viser at dei sjeldne store fjellskreda har ein frekvens på 2-4 pr. hundreår. Såleis kom i løpet av siste hundreåret tre store fjellskred (Tafjord 1934, Loen 1905 og 1936) med i alt 175 døde.

Det har dessutan skjedd ei mengd skredhendingar med avgrensa skade, ofte takka vere generasjonars oppsamla observasjonar er blitt til kunnskap om lokal skredfare. Dei innsamla skredhendingane inngår i Nasjonal skreddatabase (NGU) på:
skredregistrering.no

Astor Furseth har gitt ut mange artiklar og fleire bøker om skred, blant anna boka Skredulykker i Norge - en historisk dokumentar om de mest alvorlige leirskred, snøskred og fjellskred som har rammet oss de siste 500 år.
Les omtale av Skredulykker i Norge >>


Norgesglasset: Norges Skredhistorie
Norges skredhistorie er ein serie radioprogram på 5 delar som vart sendt i programmposten Norgesglasset hausten 2006. Astor Furseth gjer greie for mange av dei verste skredkatastrofene gjennom tidene. Alle episodane er tilgjengelige på NRK sine heimesider og her er lenker til kvart enkelt program.

> Norgesglasset 20.11.06 - Norgesglasset - NRK
> Norgesglasset 21.11.06 - Norgesglasset - NRK
> Norgesglasset 22.11.06 - Norgesglasset - NRK
> Norgesglasset 23.11.06 - Norgesglasset - NRK
> Norgesglasset 24.11.06 - Norgesglasset - NRK
> Norgesglasset 27.11.06 - Norgesglasset - NRK



 
In english>>
Tsunamikatastrofer
Bøker og artiklar om skred>>
skredregistrering.no

   
 
Børa