LITT OM MEG
BIBLIOGRAFI
SKREDULYKKER
FUNN I FJELLA
KONTAKTINFO
FUNN I FJELLA

Da faar du se
Taarne med takker og bottner ved bræ;
Rygge, som krummes og pigger, som strækker
Sig efter synskredsen rækker ved rækker;
Graasten, kun endeløs graasten og sne,
Ikke et græsstraa og ikke et træ,-
Vildskab, som raser, og høihed, som sidder
Stirrende over de livløse vidder.

(frå diktet Søndmøre. Norsk Natur, 1887. Christopher Randers)

Keipen


I alle år har eg gått mykje i fjella, ofte for å sjå etter ustabile fjell og far etter gamle skredulykker, men eg har stadig kome over gamle spor etter det gåtefulle folket i høgfjellet.

Høgt oppe i fjellet og frå langt tilbake i tid, jamvel forbi historiebøkene – finn vi spor av eit ukjent, gåtefullt fangstfolk som må ha levd i høgfjellet. Det eg har sett, har fått meg til å sperre auga opp: Kva er dette for noko? Bautasteinar på fjelltoppar, bogestillingar, leiemurar gjennom fjellsidene, primitive buplassar, steinsirklar, labyrintar, mengder av steinformasjonar.

Desse omfattande funna i høgfjellet reiser ei rad spørsmål. Ei stor gåte er også kvifor forskarar og historikarar ikkje har vist interesse for fjellheimen på Nordvestlandet. Her kan finnast det første kapitlet i historia om Noreg.

Øystein Mølmen var først ute med systematisk gransking i vestfjella. Øystein vart ein turkamerat i mange år, og vegvisar inn til denne forvitnelege soga. Den enorme mengda på fangstanlegg, steinbuer, murar, bautasteinar må høyre til eit folk med stor naturkunnskap. Dei fleste har nyss dukka fram frå isbreen. Mest underleg er bogestillingar plasserte på smale egger i over 1700 moh. Berre i Norddalsområdet har eg til no funne 1000 bogestillingar i høgfjell, 100 herbøre (steinbuer) og 40 fangstgraver. Lokale fjellfolk har vore med på fjellturane: Gunnar Aspehjell, Ove Hansen, Bjørn Hessen, Runar Hole, Steinar Stakkestad og Lars Valdal, Terje Rusten, Oddny og Bjørn Helge Nygård - også Frank og Eva Furseth.

Kan dei første menneska ha følgt reinen i fjellet til nunatakar eller til isfrie lommer? Dei store fangstsystema kan reise spørsmål om det vart jakta her allereie medan iskappa dekte det meste av landet. Arkeologane er låste til oppfatninga om at dei eldste pionerane kom på skinnbåtar opp langs kysten, men kanskje kom dei frå fjellet?

I 2012 skjedde det noko særs uvanleg i fjellet på Sunnmøre; for første gong kom arkeologiske utgravingar. Arkeologar (Universitetsmuseet i Bergen) granska ein buplass funne av Trond Linge i Langfjelldalen (ikkje langt frå Trollstigen), og pilspissar og andre funn med sikker datering (m.a. C-14): 10-11000 år gamle!

I 2013 fann vi (Runar Hole, Lars Valdal og eg) kvartsittavslag ved bogestillingar på Fetegga 1500 moh i Tafjordfjella, og dette førte til ei omfattande gransking sommaren 2014 leia av arkeolog Morten Ramstad (UiB). Det var registrert 60 bogestillingar og over 500 gjenstandsfunn, med datering til 6-7000 år gamle. Eit gjennombrot for dateringa av bogestilingane i høgfjellet!

2014 vart eit viktig år også ved dei mange brefunna. Aldri har snøbreane vore så små, og vi kunne leite i nyss isfrie område. For første gong vart det funne (av Bjørn Hessen) ei pil! Smelta ut frå breen i år. Mange arkeologar var med bl.a. til Ringshornet, og funnmengda vart stor: pilspissar, skremepinnar, pilar, beinfunn, skinnsko, boge(?) osv. Funna er enno ikkje analyserte. Ingen synest vere yngre enn 1500 år gamle.


 

 

 

Smp

 

Pilspiss

Pilspiss

Eit av mange funn i Langfjella

 

Årbok for Norddal, 2015

Funn i fjella

Årbok for Norddal, 2015

   

Avis

Artiklar om nye funn i fjella:

Gruvedrift i Tafjordfjella Kulturarven nr. 48 2009, s. 50-53

Det første kapitlet Sunnmørsposten, INNSIKT, 27.1. 2010 s. 27

Gåtefulle steinar på fem fjelltoppar Sunnmørsposten 19.11. 2011 s. 30/31

Gåtefulle steinar i fjella SPOR nr, 2, 2102 s. 4-10.

Det ukjente fjellfolket GEO365 mai 2013

Spor etter bogeskyttarar i vest Astor Furseth og Runar Hole, i boka Reinheimen og Breheimen, 2014, s. 30-38.

Trollstigreinen Astor Furseth og Vegard Lødøen, i boka Reinheimen og Breheimen, 2014, s. 143-146

Gåtefulle steinar Romsdals budstikke 17.9. 2014 (Iver Gjelstenli på tur med Astor Furseth)

Funn i fjella Årbok for Norddal, 2015, s. 19-30

Det ukjente fjellfolket Årbok for Sunnmøre historielag, 2017, s. 10-22

Dei ukjende jegerane i Tafjordfjella Fjellposten. DNT sunnmøre, 2021, s. 12-15


Alle registreringar i vestområda 2010-2017
Alle registreringar i vestområda 2010-2017

Aftenposten Historie nr.10, 2015

Smp artikklel

Bogastelle

Blåskjeringen