LITT OM MEG
BIBLIOGRAFI
SKREDULYKKER
BJØRN OG ULV
KONTAKTINFO
Dommedagsfjellet
Tafjordulykka 75 år etter


Mars 2009, ISBN: 9788252173765

Natt til 7. april 1934 skjedde ei av Norges største naturkatastrofer i Tafjord på Sunnmøre. Ein enorm fjellmasse styrta i fjorden og opptil 60 meter høge flodbølgjer slo inn over bygdene Tafjord, Fjørå og Valldal og drap 40 menneske.
I 2009 er det 75-årsmarkering for denne ulykka. Samtidig har ulykka fått ny aktualitet fordi fjellet igjen varslar om skred. Men kan det verkeleg kome ei ny ‘Tafjordulykke‘?

I denne boka fortel forfattaren historia om Tafjordulykka i tekst og bilete, om den dramatiske ulykkesnatta, den store mediedekninga og skredforskinga som ulykka utløyste. Eit større kapittel er vigd Åknes/Tafjord-prosjektet, overvakinga av fjellmassiva som i dag truar fjordbygdene på indre Sunnmøre.


NRK

Reportasje frå boklanseringa - NRK Møre og Romsdal
Sjå innslaget her >>

Syn og Segn

Eit varsla skred
Artikkel av Astor Furseth i Syn og Segn nr. 2 2009 s. 4-18


Bokmelding i Adresseavisen
- En norsk tsunami av Johan O. Jensen
Les meir >>





<< Tilbake