LITT OM MEG
BIBLIOGRAFI
SKREDULYKKER
BJØRN OG ULV
KONTAKTINFO
Evelyns Øy

Til ei lita karrig øy ute i havet ein stad langsmed vestlandskysten kjem det ein laurdagskveid ein framandkar. Ein annonse i avisa har ført han hit. Han,vil kjøpe seg eit småbruk.

Edvard Hole er tannlege med eigen moderne tannklinikk i byen og kone som er lektor i gymnaset. Han har ein slags draum om eit lite kongerike, ein gard for seg sjølv. Noke å falle attende på om alt anna skulle svike. Sikre verdiar. Møtet med folket på øya får Edvard til å tenke gjennom livssituasjonen sin. Den passive og intellektuelle livshaldninga hans viker for ei mer tillitsfull overgjeving til liv og tru.

Dette er ikkje ei bok full av berre alvorsame tankar her er laussloppen forteljarglede og livfull personskildring i denne velskrivne og leseverdige romanen.




ISBN 82-03-09696 4 (h)
ISBN 82-03-09697 2 (ib)
 
Tilbake>>