LITT OM MEG
BIBLIOGRAFI
SKREDULYKKER
BJØRN OG ULV
KONTAKTINFO

Torøy - Noveller

Ti historier om menneske i drift frå kvarandre. I storbyen Oslo, i bygdemiljø på Sunnmøre, i ekstrem isolasjon på el øy i havet. Når einsemda veks til ein kjenner gufset frå ingenmannsland, kjem desperasjonen. Ikkje noko kan vere meir givande enn det å opne seg for elt medmenneske - ikkje noko kan bli farlegare om dette mislukkast ofte nok.

På Torøy er menneska isolerte av havet ikring, også rundt kvart menneske ligg audeleg hav. Dei to siste som vitja øya kom att innsydde i seilduk. Ein venn av den eine set seg føre å finne ut kva som hende del. Og tålmodige ramnar sirklar over og ventar på det som må kome.


”En av en håndfull norske forfattere som avgjort er på riktig vei.”

Kjell Olaf Jensen i Morgenposten.


”Forfatteren kan kunsten å uttrykke mye på få linjer, han imponerer uten å være ”flink”. ”

Johan Fr. Heyerdahl i Aftenposten.


”Den lengste novella i boka er den beste. Som boka heiter den ”Torøy”, namnet på ei spesiell øy på Færøyane (eg veit ikkje om øya finst i røynda). Denne øya er slik laga frå naturen at ho er skapt som ei festning. Fjellveggen står beint opp 150 meter frå havet på alle sider, men oppe på platået er det ypparlege tilhøve for jordbruk. Frå 800-talet av har det vore fast busetnad på øya, og bonden der hadde 50 menneske i si teneste i stormaktstida.

Forteljaren tar oss med til nåtida si utkantverd: Nå bur det eit gammalt ektepar att på øya, med ei tretti år gammal dotter. Berre ho kan føre slekta vidare og berge garden for ætta. Forteljaren lar ein mannsperson kome til øya for å granske omstenda som førde til at ein venn mista livet under ei vitjing der. Dermed byrjar dramaet.”

… ”Astor Furseth slår i bordet med denne novellesamlinga. Han er presis forteljar som utvidar horisonten til dei nynorsk-skrivande forfattarane frå samtida.”

Tor Obrestad i Stavanger Aftenblad.




ISBN 82-09-10170-6
 
Tilbake>>